fredag

Valfri oppgåve

Den siste oppgåva vår i Trykk og Foto var ei valfri oppgåve. Då hadde eg lyst å prøve meg på silketrykk igjen, og denne gongen blei eg meir fornøgd enn sist.

Eg tok eit bilete av Rihanna, gjorde det svart/kvitt og forenkla det. Eg fant eit ordtak som ho har sagt, "Hold your head high, and your middelfinger higher". Nedanfor har eg lagt ut nokre bilder frå prosessen og resultatet.


Her er ramma eg brukte



Her har eg tatt på malinga, og skal til å dra den over motivet

Her har eg dradd malinga over motivet, og kan ta av ramma for å sjå det ferdige resultatet.




tirsdag

Reklameplakatar for Bruktbuo


Vi fekk i oppgåve å lage to ulike forslag til reklameplakat for Bruktbuo i Eikelandsosen. Forslaga skulle representere to ulike idear og vere tydeleg forskjellige. Kvar plakat skulle innehalde slagordet "La brukt bli brukt", og logoen til Bruktbuo. 

Her er min første idé. Gamle fat er noko du kan finne i ein bruktbutikk, og det er nok et mangfald av dei. Derfor tok eg bilete av mange gamle fat for å få fram dette. Eg klippte ut fata i photoshop og sette det saman slik med slagordet og logoen. Eg hadde litt datatrøbbel når eg holdt på med dette, og måtte begynne på nytt på 5. gongen. Derfor er ikkje alt like nøyaktig som det kunne ha vore. Eg valde å ikkje ha noko bakgrunn til for eg synes at det fungerar best slik som det er no, det er mest effektfullt og bodskapen kom godt fram med den komposisjonen. 


Min andre idé gjekk ut på gjenbruk og arving av klede. På ein bruktbutikk er det godt mogleg at du finn eit gammalt plagg som du vil bruke. Her har eg prøvd å fått bildet til venstre å sjå litt nytt ut, og til høgre ser du at gensaren er blitt litt gammal og slitt. Eg tok først bilde av dei med genseren, så klippte eg dei ut og satte det saman slik i Photoshop. La på same grønfargen som der er på logoen til bakgrunn, og lagde ei kvit "ramme" rundt bilda. For å få med poenget om gjenbruk plasserte eg logoen uten skrift mellom bilda. Ser no i ettertid at heile logoen like gjerne berre kunne vore der i staden for. Eg synes heilskapen blei bra, og eg synes komposisjonen i biletet fungerar godt.  


Skriv ein kort tekst om moglegheiter og utfordringar som ligg i manipulering av reklamefotografi.

Moglegheitane ein har når ein kan manipulere eit reklamefotografi er mange. Meininga med reklame er jo at det skal selge, og at flest mogleg folk kjøper produktet. Då er det lett for å "jukse" litt, og endre på korleis det eigentleg er. Det kan vere alt frå fargar, utsjånad, sette inn element i biletet, bakgrunn osv. Det er ofte ein gjer modellar tynnare og finare slik at vi i målgruppa får lyst til å vere som dei. Utfordringa med manipulering er at ein då får feil inntrykk av produktet, og det kan føre til at ein blir lurt. Ein annan utfordring er at det gjer feil signal ut til unge jenter med alt for tynne modellar slik at dei kanskje føler eit press på å bli slik.



a 



Portrett 2


I denne oppgåva skulle me prøve oss endå meir på portrett. Me skulle ha minst 4 bilete;
1. Portrettbilete med uskarp bakgrunn. (Korleis må blendaren då vere?)
2. Portrettbilete der rekvisittar og/eller bakgrunnen er aktivt med på å fortelje noko.
3. Portrett bilete der heile kroppen er med (men bruk gjerne fantasien på kameravinkel og oppstilling/plassering av modellen)
4. Portrettbilete der noko er i bevegelse (du velger sjølv om det er delar av modellen sjølv eller menneske/ting i bakgrunnen)


Her er eit vanlig portrettbilete av Rebecca. 
ISO: 200
Lukkertid: 1/60
Blender: 5


Uskarp bakgrunn. 
ISO: 400
Lukkertid: 1/200
Blender: 4.5


Portrett med rekvisittar
ISO: 200
Lukkertid: 1/80
Blender: 3.5


Heile kroppen
ISO: 400
Lukkertid: 1/15
Blender: 3.5


I bevegelse
ISO: 400
Lukkertid: 1/15
Blender: 3.5









Alfabet

Denne oppgåva gjekk ut på å ta bilete av bokstavar rundt om på skulen. Du kunne ikkje ta bilete av faktiske bokstavar, men finne bokstavformar som var "gjømd" i ein gjenstand til dømes. Du kunne og prøve å forme bokstavane med kroppen. Det var vanskeleg å finne alle bokstavane, du måtte leite godt.




Her er alle bokstavane eg fant.


Eg fant eit ordtak om alfabetet, så då ville eg prøve ut å skrive det med mine bokstavar. 
Ser du kva som står?

Street-art og silketrykk



Dei siste vekene har me jobba med street-art inspirerande silketrykk. Det var ein metode som var ny for dei fleste, inkludert meg. Street-art er jo ofte litt samfunnskritisk, og likar å setje ting litt på spissen. Det var og min hovudtanke bak i ideen min. Jeg syns det er blitt litt mykje kroppshysteri i desse dagar, alle skal bestemme kva du skal spise og kor mykje du skal trene. Det er jo selvfølgelig bra å ha eit sunt og godt kosthold, og trene, men det tar litt av til tider. Derfor valgte eg å setje det litt på spissen, med å ta eit bilete av ei veldig slank dame med skriften "Eat chocolate" over.

For meg var denne prosessen med trykking ein smule stressande. Det var veldig mange ting du måtte ta hensyn til når du trykkte, som at du måtte gjere det for slik at malingen ikkje tørka, og du måtte vere forsiktig slik at det ikkje blei nåke søl, og du måtte passe på at alt kom med på trykket, noko som ikkje var alltid like lett. Eg prøvde å passe på at alt blei som det skulle, men det gjekk ikkje alltid så bra. Derfor blei eg ikkje så fornøyd med trykka mine, ikkje så fint når det ser litt unøyaktig ut. Likevel synes eg det var veldig lærerikt og ein kjekk måte å gjere det på.

Her er nokre bilder av trykka mine. 





Portrett


Dette var ei oppgåve der me skulle gå saman i grupper og ta portrettar av kvarandre.
Når eg tok dei bilda, tenkte eg ikkje så nøye over korleis eg skulle ta bilda, og kva eg ville få fram med dei. Eg blei ikkje så fornøgd med det resultatet, så derfor fant eg ut at eg ville ta nye. Med god hjelp frå lillebroren min så fekk eg tatt nye bilete.






Eg kan ikkje så mykje om instillingar på kameraet, eg prøvde å lese litt på nettet men det blei til at eg prøvde meg litt fram utan å heilt vite kva eg innstillingar eg brukte. Når eg tok bilda la eg vekt på å ta frå ulike vinklar og ulikt lys. Bilde nr.1 har eg redigert svart/kvitt, og alle dei andre bilda har eg redigert lyset og kontrasten på.

onsdag

Street Art


Kva street-art er og korleis denne kunstforma skiljer seg frå til dømes kunst som vert vist på museum og galleri?
- Street art er som namnet seier, gatekunst som vert laga i det offentlege rom. Me kan finne street art på husfasadar, murar, tunnelundergangar osv. Street art er gjerne ulovleg, ubestilt og ikkje kommersiell, i motsetnad til kunst som vi finn i galleriar og museum. Ofte er budskapet politisk eller har eit samfunnskritisk bodskap. 
Kan du nemna nokre utfordringar med denne kunstforma?
- Denne kunstforma er som regel ulovleg, og blir av nokre betrakta som hærverk. I den seinare tid har likevel street art blitt meir og meir populært og "stovereint" blandt folk. Ein anna utfordring er at kunsten ofte må lagast i det skjulte, og ver signert anonymt for å unngå problemar med politiet. 
Vis eit street-art arbeid som du likar, skriv om kva det er du likar og kven som har laga det dersom det er kjend
- Slike street art arbeid som dette synes eg er utrulig tøft og stilig. Den 3-dimensjonale effekten her kjem veldig godt fram. Er nesten som du ikkje tør å gå her, det ser jo så verkeleg ut! Eg har veldig sansen for 3D arbeid, eg synes alt blir så ekte, du blir heilt facinert. 
Eg fant ikkje ut kven som har laga det, men eg fant biletet på denne nettsida: http://neatdesigns.net/30-impressive-street-art-examples-that-you-must-see/ 
Der var det mykje fint å sjå.