tirsdag

Street-art og silketrykk



Dei siste vekene har me jobba med street-art inspirerande silketrykk. Det var ein metode som var ny for dei fleste, inkludert meg. Street-art er jo ofte litt samfunnskritisk, og likar å setje ting litt på spissen. Det var og min hovudtanke bak i ideen min. Jeg syns det er blitt litt mykje kroppshysteri i desse dagar, alle skal bestemme kva du skal spise og kor mykje du skal trene. Det er jo selvfølgelig bra å ha eit sunt og godt kosthold, og trene, men det tar litt av til tider. Derfor valgte eg å setje det litt på spissen, med å ta eit bilete av ei veldig slank dame med skriften "Eat chocolate" over.

For meg var denne prosessen med trykking ein smule stressande. Det var veldig mange ting du måtte ta hensyn til når du trykkte, som at du måtte gjere det for slik at malingen ikkje tørka, og du måtte vere forsiktig slik at det ikkje blei nåke søl, og du måtte passe på at alt kom med på trykket, noko som ikkje var alltid like lett. Eg prøvde å passe på at alt blei som det skulle, men det gjekk ikkje alltid så bra. Derfor blei eg ikkje så fornøyd med trykka mine, ikkje så fint når det ser litt unøyaktig ut. Likevel synes eg det var veldig lærerikt og ein kjekk måte å gjere det på.

Her er nokre bilder av trykka mine. 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar