Dette var ei oppgåve der me skulle gå saman i grupper og ta portrettar av kvarandre.
Når eg tok dei bilda, tenkte eg ikkje så nøye over korleis eg skulle ta bilda, og kva eg ville få fram med dei. Eg blei ikkje så fornøgd med det resultatet, så derfor fant eg ut at eg ville ta nye. Med god hjelp frå lillebroren min så fekk eg tatt nye bilete.
Eg kan ikkje så mykje om instillingar på kameraet, eg prøvde å lese litt på nettet men det blei til at eg prøvde meg litt fram utan å heilt vite kva eg innstillingar eg brukte. Når eg tok bilda la eg vekt på å ta frå ulike vinklar og ulikt lys. Bilde nr.1 har eg redigert svart/kvitt, og alle dei andre bilda har eg redigert lyset og kontrasten på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar