Kva street-art er og korleis denne kunstforma skiljer seg frå til dømes kunst som vert vist på museum og galleri?
- Street art er som namnet seier, gatekunst som vert laga i det offentlege rom. Me kan finne street art på husfasadar, murar, tunnelundergangar osv. Street art er gjerne ulovleg, ubestilt og ikkje kommersiell, i motsetnad til kunst som vi finn i galleriar og museum. Ofte er budskapet politisk eller har eit samfunnskritisk bodskap.
Kan du nemna nokre utfordringar med denne kunstforma?
- Denne kunstforma er som regel ulovleg, og blir av nokre betrakta som hærverk. I den seinare tid har likevel street art blitt meir og meir populært og "stovereint" blandt folk. Ein anna utfordring er at kunsten ofte må lagast i det skjulte, og ver signert anonymt for å unngå problemar med politiet.
Vis eit street-art arbeid som du likar, skriv om kva det er du likar og kven som har laga det dersom det er kjend
- Slike street art arbeid som dette synes eg er utrulig tøft og stilig. Den 3-dimensjonale effekten her kjem veldig godt fram. Er nesten som du ikkje tør å gå her, det ser jo så verkeleg ut! Eg har veldig sansen for 3D arbeid, eg synes alt blir så ekte, du blir heilt facinert.
Eg fant ikkje ut kven som har laga det, men eg fant biletet på denne nettsida: http://neatdesigns.net/30-impressive-street-art-examples-that-you-must-see/
Der var det mykje fint å sjå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar