Oppgåve: Du skal lage eit bilete (ved hjelp av fotografi og redigering) som etterliknar eller kommenterar eit anna verk. Hent inspirasjon frå kunsthistorie, teikneserie eller reklame, eller andre stader.
Eg fant raskt ut at eg ville ta eit måleri, og setje inn eit eller fleire element i det, i staden for å lage ein etterlikning med meg sjøl i biletet. Biletet som eg skulle bruke måtte vere eit veldig kjent bilete, som alle kunne kjenne igjen. Eg valde til slutt "Soria Moria" av Theodor Kittelsen.
Ideen min var at gutten i biletet skulle stå å sjå ut over ein skyline/skyskraparar. Eg fant raskt ut at eit bilete av skyskraparar i New York passa godt.
Det første eg gjorde var å lage ein bakgrunn, for å så lime inn "Soria Moria". Så klippte eg vekk bagrunnen i "Soria Moria", slik at det blei plass til byen i bakgrunnen. For å få byen til "gli" litt meir inn brukte eg "Fill", slik at det blei litt meir gjennomsiktig! Deretter brukte eg eit veldig mjukt og svakt viskelær for at kontrasten mellom det to bileta skulle bli litt meir mjukare. Det tok eigentleg ganske raskt tid, og var ikkje så vanskeleg å gjere i Photoshop.
Resultatet blei slik eg såg for meg, så eg er fornøgd med det.
Det originale biletet:
Theodor Kittelsen, Soria Moria slottt, 1900
Min appropriasjon:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar