Her var oppgåva å lage eit sjølvportrett som var inspirert av pop-art og stilen og fargane til Andy Warhol sine arbeid. Me skulle bruke fotografi og/eller teikning som utgangspunkt. Eg valde eit bilete.
Før me begynte skikkeleg på oppgåva fekk me ein instruksjon på photoshop om korleis me skulle gå fram. For meg var det veldig nyttig i alle fall. Eg kan ikkje sei heilt nøykatig kva eg har gjort, fekk prøvd og feilt ein del! Eg har ein liten "oppskrift" her:
- Lager kopi av bilde - layers
- Desaturate - svart/kvitt
- Image - adjustments - posterize
- Skriver posterize på laget, og lager ny kopi.
- Image - adjustments - threshold
- Ta vekk bakgrunnen med magnetisk lasso
- Filter - pixelate - color halftone - 4
- Lager nytt lag som er bakgrunnen
- Magnetisk lasso rundt ansiktet
- Går på det tomme laget og fyller det med farge
- Få det svarte til å skinne meir - normal - multiplay
- Lager nytt lag, fargar øyenskygge med pencil (kallar laget for øyenskygge)
- Nytt lag, fargar leppene - multiply
- Maler hår.
Eg er fornøgd med resultatet, men samtidig ikkje heilt heller. Syns kanskje det håret blei litt for svart, men fekk ikkje heilt til å få fargen til å "skinne" meir igjennom, men samtidig så syns eg det passte godt slik det var og. Litt usikker på om eg har gjort rett val når det gjeld fargar, men det fungerer godt i lag synes eg. Det var ei utfordande oppgåve for meg, men det er kjekt å få slike, slik at kunnskapen i photoshop blir større.
Resultat:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar