mandag

Header


Noko denne bloggen har mangla, er ein header! Derfor var det kjekt når me fekk i oppgåve å lage ein.
I headeren min har eg tatt med mine eigne bilete, bilete som eg likar godt, som fortel noko om ei fin oppleving, og som fortel noko om meg. Eg begynte med å ta utgangspunkt i bakgrunnen, og så prøve å finne bilete som eg kunne setje i lag med bakgrunnen. Det var litt vanskeleg å få det til å "skli" saman, så med litt hjelp frå Anja hadde ein ny idé! Eg satte først inn eit bilete av meg som eg hadde klipt til. For å få til dei tre små snapshotsa/postkorta måtte eg lage eit nytt lag, og så markere det med "tryllestaven" og til slutt bruke "malingsspannet" til å gjere det kvitt. Så gjorde eg bileta mindre, slik at dei fekk ei kvit ramme rundt seg. For å få det svart/kvitt gjekk eg inn på "images" - "adjustments" - "Black & White".  Teksten var det siste eg gjorde. Då prøvde eg å legge "Trykk og Foto" langs fjellsida. 

Eg synes det var kjekt å jobbe med dette, spesielt fordi det er lenge sidan eg har brukt photoshop og så fekk eg lære mykje nytt og. Eg ikkje er så flink i photoshop, så eg synes eg det er litt vanskeleg å sjå løysningar og alternativer til kva som går an å gjere. Men med litt hjelp går det meste an. Eg er eigentleg ganske fornøgd med heile biletet, det var slik eg såg det for meg at det skulle bli! Eg er litt usikker når det kjem til noko av teksten, kanskje "Ingvild" skulle blitt plassert ein anna plass, og kanskje eg skulle valgt ein anna font. 





1 kommentar:

  1. Fin header! Liker spesielt godt at bileta er i svart kvitt, mens det andre er i farger. Stilig! Fin komposisjon og balanse i biletet :-)Kunne kanskje ha plassert namnet ditt litt vekk frå armen din

    SvarSlett