Då me fekk oppgåva fekk me mange idear. Først
tenkte me å male oss attmed eit skap, slik at det såg ut som me var eit skap,
altså kamuflere oss. Så tenkte me litt vidare og fann ut at me ville prøve noko
anna. Me blei inspirert av eit bilete me såg på dokumentet Marianne la ut med
mange eksemplar på kamuflasje. Me ville prøve å setje hovuda våre saman med ein
pengeseddel, slik at halve ansiktet vårt blei kamuflert.
Det første me gjorde var å skrive ut
pengeseddlar frå heile verda, deretter brette dei mellom munnen og nasa, for og
så fotografere mens fotografen haldt seddelen framfor seg, slik at halve ansiktet
vårt blei dekka av seddelen. Det var litt vanskeleg å få det heilt nøykatig, men etter mange forsøk hadde me ein del bilete som kunne brukast.
Neste utfordring var å finne ut korleis me skulle sette det saman, men me fekk til slutt ideen om at det skulle sjå ut som ein holdt ein pengeseddel, berre at alle bileta våre var limt saman inni denne seddelen. Eg synes det var ei kjekk oppgåve, og eg synes me fekk til eit bra resultat!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar