tirsdag

Reklameplakatar for Bruktbuo


Vi fekk i oppgåve å lage to ulike forslag til reklameplakat for Bruktbuo i Eikelandsosen. Forslaga skulle representere to ulike idear og vere tydeleg forskjellige. Kvar plakat skulle innehalde slagordet "La brukt bli brukt", og logoen til Bruktbuo. 

Her er min første idé. Gamle fat er noko du kan finne i ein bruktbutikk, og det er nok et mangfald av dei. Derfor tok eg bilete av mange gamle fat for å få fram dette. Eg klippte ut fata i photoshop og sette det saman slik med slagordet og logoen. Eg hadde litt datatrøbbel når eg holdt på med dette, og måtte begynne på nytt på 5. gongen. Derfor er ikkje alt like nøyaktig som det kunne ha vore. Eg valde å ikkje ha noko bakgrunn til for eg synes at det fungerar best slik som det er no, det er mest effektfullt og bodskapen kom godt fram med den komposisjonen. 


Min andre idé gjekk ut på gjenbruk og arving av klede. På ein bruktbutikk er det godt mogleg at du finn eit gammalt plagg som du vil bruke. Her har eg prøvd å fått bildet til venstre å sjå litt nytt ut, og til høgre ser du at gensaren er blitt litt gammal og slitt. Eg tok først bilde av dei med genseren, så klippte eg dei ut og satte det saman slik i Photoshop. La på same grønfargen som der er på logoen til bakgrunn, og lagde ei kvit "ramme" rundt bilda. For å få med poenget om gjenbruk plasserte eg logoen uten skrift mellom bilda. Ser no i ettertid at heile logoen like gjerne berre kunne vore der i staden for. Eg synes heilskapen blei bra, og eg synes komposisjonen i biletet fungerar godt.  


Skriv ein kort tekst om moglegheiter og utfordringar som ligg i manipulering av reklamefotografi.

Moglegheitane ein har når ein kan manipulere eit reklamefotografi er mange. Meininga med reklame er jo at det skal selge, og at flest mogleg folk kjøper produktet. Då er det lett for å "jukse" litt, og endre på korleis det eigentleg er. Det kan vere alt frå fargar, utsjånad, sette inn element i biletet, bakgrunn osv. Det er ofte ein gjer modellar tynnare og finare slik at vi i målgruppa får lyst til å vere som dei. Utfordringa med manipulering er at ein då får feil inntrykk av produktet, og det kan føre til at ein blir lurt. Ein annan utfordring er at det gjer feil signal ut til unge jenter med alt for tynne modellar slik at dei kanskje føler eit press på å bli slik.



a 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar