Då eg tok dette bildet, var det fordi eg såg tydeleg linjene i det. Her ser me tydeleg dei lange linjene som går på tvers, i tillegg til dei som stoppar ca 1/3 del inn frå venstre. Dei to konstrastfargane samt dei blanke linjene gjev biletet liv og form. Eg er fornøgd med biletet fordi eg synes eg fekk fram motsetnadar og gode linjer.
I dette biletet visar det og kontrastar mellom dei lyse og mørke linjene. I tillegg vert det nesten litt 3-dimensjonalt over det, då vi ser linjene oppover på veg mot eit forsvinningspunkt. I motsetnad til neste bilete, så er desse linjene stramme og beine. Eg vart fornøgd med uttrykket i dette biletet.
Her ser vi parallelle linjer som svinger seg. Det har eit litt meir mjukare uttrykk enn dei to bileta over. Materialet er blankt og glatt. Komposisjonen får godt fram dette.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar